Manuduksjon eksamen for soppsakkunnige 2021

Praktisk info

Dato: 14.04.21

Tidspunkt: 18:00 - 22:00

Forening: NSNF

Region: Landsdekkende

Pris fra: Gratis

Arrangementet er allerede ferdig

Heile pensum på fire timar!

Me vil invitere deg som skal ta prøve for soppsakkunnige hausten 2021 på eksamensmanduksjon. Jim-André Stene frå Trondheim sopp- og nyttevekstforeining skal ta oss gjennom heile pensum på fire timar. Når manuduksjonen er ferdig skal du sitte igjen med ei list over pensumartar du er trygg på, pensumartar du er usikker på og pensumartar du ikkje kan. Då er du klar for soppsesongstart og kan nytte vekene fram til eksamen på å førebu deg godt.

Det blir ein intens kveld med få pausar. Få i deg mat på førehand, ha drikke tilgjengeleg så du ikkje må gå frå PC-en meir en høgst naudsynt. Denne kvelden er starten på eksamensførebuinga di.

Dette møtet er berre for deg som har tenkt til å ta prøve for soppsakkyndige 2021.