Samling for soppsakkyndigansvarlege

Praktisk info

Fra: 16.03.2021 19:00

Til: 18.03.2021 21:00

Forening: NSNF

Region: Landsdekkende

Pris fra: Gratis

Bestill

No skal me endeleg få møtast for å diskutere alt som har med soppkontroll og soppsakkyndige å gjere!

I fjor ble samling for soppsakkyndigansvarlege avlyst på grunn av pandemien. Slik skal me ikkje ha det i år. Derfor har me planlagt at samlinga for soppsakkyndigansvarlege skal avhaldas på Zoom.

Det har skjedd mykje på soppfronten, og no skal me sørgje for at alle foreiningane veit kva som går for seg og at alle foreiningane får moglegheit til å melde tilbake. Me legg opp til tre kveldar med eige tema på to timar kvar.

Me vil òg gjerne ha tilbakemeldingar og spørsmål frå foreiningane i forkant. Er det eit tema du vill at me skal ta opp i løpet av samlinga, ber eg om at du gjer melding før måndag 15. mars. Det viktigaste med å samle soppsakkyndigansvarlege frå heile landet er at me har eit forum der foreiningane kan ta opp saker som angår soppkontroll, opplæring, vidareutdanning og soppsakkyndige.

Digital kursplattform med Pål Karlsen og Jim-André Stene

Tysdag, 16. mars, kl. 19.00 til 21.00

Den store satsinga av året er at me skal få etablert ein digital læringsplattform, slik at kursleiarane i foreiningane alltid har tilgang til oppdatert og kvalitetssjekka kursmateriale. Me vil òg at folk som bur langt frå ein foreining skal få moglegheit til å få tatt teorien på eit enkelt vis. Denne kvelden får dykk sjå korleis teorien i soppsakkyndigkurset ser ut på den nye læringsplattforma. Deretter tar me ein prat om korleis dette verktøyet kan nyttas av foreiningane.

Feltmykologi med Steinar Weseth og Jens H. Pettersen

Onsdag, 17 mars, kl. 19.00 til 21.00

Genteknologi har tatt over den akademiske mykologiske forskinga. Biologane som arbeider i felt er økologar som er spesialisert på ein rekke forskjellige artsriker. Det betyr at Noregs sopp- og nyttevekstforbund må bere ein større del av byrden med opplæring i feltmykologi. Kva gjer forbundet for å legge til rette for at foreiningane er klar for dette? Kva treng din foreining av støtte? Kva tankar har dykk om dette no som strategiplanen skal oppdaterast.

Me får òg ei vitjing frå den danske mykologen og fotografen Jens H. Pettersen. Han er ein av dei to forfattarane bak storverket Nordeuropas svampe / Fungi of Northern Europe og har publisert ei rekke soppbøker som har blitt omset til norsk. Han skal snakke om nykling med sopphjulene frå Nordeuropas svampe og filosofien bak det å nytte form til å bestemme arter, i staden for andre metodar som til dømes slekt.

Digital soppkontroll og normlisten med Lene Johansen

Torsdag, 18. mars, kl. 19.00 til 21.00

Digital soppkontroll har blitt ein mogen kanal for soppkontroll og er eit viktig verktøy i medlemsvervinga. Me skal gå igjennom kva oppdateringar som gjerast på plattforma no i år, og vil gjerne høyre litt frå foreiningane om korleis digital soppkontroll artar seg for dine soppsakkyndige, kva tankar dykk har om opplæring og ha eit opent forum for tilbakemeldingar om tenesta.

Denne samlinga er for soppsakkyndigansvarlege i foreiningane.