Sankesafari på Vinjerock
Praktisk info
Dato: 20.07.24
Tidspunkt: 12:00 - 14:00
Adresse: Eidsbugarden Hotell, Eidsbugardvegen, Tyinkrysset, Norge
Forening: NSNF
Region: Landsdekkende
Arrangementet er stengt for påmelding
OBS: Ekstern påmelding, klikk her.
På denne turen leiter me etter planter med ymse bruksformål, både mat, krydder og medisin. Me hoppar òg innom giftplanter me møter på vegen, men fortrinnsvis let me vere å smake på dei. Det blir neppe moglegheit for å eta seg mett på det ein kjem over i løpet av turen, men dersom du ønskar å lære korleis ein kan krydre brennevin med urtar frå fjellet er dette absolutt noko for deg!
Turledere er Martin Paliocha, soppsakkyndig og nyttevekstkyndig og medlem i Oslo og omland sopp- og nyttevekstforening, og Pernille Fritheim, naturkartlegger og medlem i Jærsoppen, sopp- og nyttevekstforeningen på Jæren (Stavanger).
Arrangementet er en del av festivalen Vinjerock, all påmelding foregår via deres sider (se lenke over).